fredag 17. juni 2016

Veke 24


Enda ei veke med sol og varme er over. 
Dagane i barnehagen blir tilbrakt mest mogleg ute, og barna begynner allereie ved frukosten å spørje etter å få gå ut. Også ettermiddagene har vore ute, der vi ofte går rett ut med ein gong vi vaknar etter luren vår i vogna.

Herleg å få løpe ut i berre sko/sandalar, og solkrem er blitt ein forventa rutine for barna. 

Ute er det seglebana som har vore det mest populære for mange denne veka. 
Dei står i kø for å klatre opp og segle. Der får dei øve masse på å vente på tur, og ta hensyn til andre.


Tysdag bakte vi gode, grove skinkehorn med ost. Det smakte veldig godt på ein tysdag!




Vi har også hatt besøk av andemor denne veka.
Ho bur eigentleg nede i skiftedalsvatnet, saman med andefar, men kjem innimellom oppom for å sjå om det er noko mat å få. Barna synast det er veldig morosamt når ho kjem utanfor døra til avdelinga.






Inne på morgonen før frukost er det mykje fin leik, både inne på Tyrihans, og i lag med Flåklypa. Kjekt å få vere litt inne på den store avdelinga, og bli enda betre kjend med dei som høyrer til der.




 


Hylla i vindaugskarmen blir lett til ei bilbane der ein kan sende bilane fram og tilbake..


Modellkitt er veldig populært på Tyrihans, og om vi er inne i sovetida, spør dei etter å få leike med det. Da finn vi fram plastknivar, kjevlar, formar og fat. Vi lagar både ormar, ballar, pizza og pølse.






No nyter vi fredag og snart helg. Til lunsj har vi hatt kjempegod skippergryte med grønnsaker. Etter vi har ete frukt, går vi ut og nyter resten av dagen ute før vi tar helg.






God helg til store og små på Tyrihans


Helsing Tyrihansdamene


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar