fredag 31. januar 2014

Veke 5

 
 
Denne veka har vi fått ei ny jente  hos oss. Ho heiter Elida og er ikke fylt året enda.
Ho hadde sin første dag på tirsdag, og dei andre barna synes det er kjekt og spennenda med eit nytt barn i flokken.
 
Tirsdag gjekk Lena på bading med 2 av småtrolla.
Der hadde dei nesten heile bassenget for seg sjølv, og dei to gutane leikte og hadde det morro i bassenget.
 
  
Sidan vi har tilvenning og mange snørrete småtroll, blei det ikkje tur med heile gruppa denne onsdagen. I staden gjekk Lena og Marianne med 4 av småtrolla til Sartor for å hente bilder til albuma.
Der traff vi på froskane på utsida, som alltid er kjekke å helse på.
Trappene rundt dei er ekstra morsomme å springe opp og  ned fra.




 
 På turen fekk vi også sjå ein heisekran i full sving.
Det var spennande kan du tru, og sikkert høgdepunktet for nokon av dei som var med på turen!!



God helg :)


Helsing store og små på Tyrihans



 
 
 
 


fredag 24. januar 2014

Uke 4

 
 
Endelig ei veke uten storm, vind og sidesprutande regn.
Da er det en fryd for alle småtrolla å vere ute på leikeplassen.
No som sanden i sandkassen er frossen,
finn dei stor glede i dei andre moglegheitane ute på plassen,
og oppdager sklia og klatretaua på nytt.
For gutane er syklane det aller aller aller kjekkaste av alle tinga ute
 - der er det hjul -
og kva er vel kjekkare enn det når du er rundt 2 år?
 
Onsdag gjekk turen igjen innover på den nye vegen mot Hjelteryggen.
Der er det mange nye stader som skal oppdagast,
og utfordringane for små ustødige bein står i kø..
 
 
 Ut på tur..
 
Oj..et "fjell"... der må vi opp..                                 Rundt og rundt gapahuken er gøy!
 
Er det nokon inni hullet? Hallooooooooo?          Det klatres på stubben og vi utforsker skogen...
 
 
 
Inne er det kjekt å finne roen rundt bordet med puslespill eller perler.
 
 
 

 
God helg fra store og små på 
avdeling Tyrihans

mandag 20. januar 2014

Ut på tur uke 3

 
 
 
 
 
 
Ut i skogen, ut i skogen
Hogge ved, hogge ved
Fryser på føttene, fryser på føttene
Løpe løpe hjem igjen, løpe løpe hjem igjen