torsdag 30. april 2015

Veke 18

God torsdag!

Denne veka har vi leika både inne og ute i barnehagen, vi har blant anna leika i kjøkkenkroken, pusla, leika i sandkassen, sparka ball og sklidd i sklia. 

På gruppedagen var halvparten av barna ute, mens den andre halvparten var inne å måla på mjølkekartongar. Vi skal plante frø i mjølkekartongane seinare i mai.

Uteleik på leikeplassen
Måling av mjølkekartongar

Ute i garderoben heng dei fine sommarfuglane som vi måla i sist veke. Ta gjerne ein titt når du leverer eller henter barnet ditt.



Fredag er 1 mai og barnehagen er derfor stengt!

Ynskjer alle ei god langhelg!

Helsing Marianne, Sølvi, Lena og Lise

fredag 24. april 2015

Veke 17

God fredag!

Måndagen starta med nydeleg vårvèr, du såg på barna at det var meir behagleg, ikkje minst enklare å bevege seg rundt i jakke og sko. Vi tilbringte store deler av dagen ute og naut det nydelege vèret. Resten av veka har det stort sett vore opplett og vi har vore ein del ute. 

Tysdag var vi tilbake med gruppedagen, halve gruppa var ute, mens den andre halvparten var inne på avdeling å måla. På
torsdag rullerte vi, halve gruppa var igjen å måla, mens den andre halvparten var på tur til gapahuken. 




Det er stor stas når døra går opp og lyset blir slått på inne det vesle rommet vi har på avdelinga. Der er det nemleg ei sklie som er Tyrihans si. Den er kjempekjekk å skli i. I taket er det blått tyll med små lyslenker som lager passe spanande stemning, og på veggane er det bilete av ulike typar fiskar og ein krabbe. 


Fredag serverte Eva-Birthe kjøttkaker i brunsaus med poteter og grønnsaker, kjempedeilig!

Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise




fredag 17. april 2015

Veke 16

God fredag!

Denne veka har det vore mykje skiftande vèr, alt frå snø, regn og sol. Vi har vore ute å leika i dei store sølepyttane og det var særskilt kjekt når det var skum i vartnet. Ellers har vi dissa, leika i sandkassen og silt sand med dei store silane. 




Når barna har føremiddagsluren sin er det kjekt å finne fram litt musikkinstrument som vi kan utforske. Dei andre barna vakna undervegs og fekk vere med på å utforske instrumenta. 


Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise

fredag 10. april 2015

Veke 15

Hei og god fredag!

Da er vi i gang igjen etter vel overstått påskeferie. Håper alle har hatt ein fin ferie. Vi starta roleg med ei noko kortare veke. Allereie tysdag starta Siandra hos oss og vi gleder oss til å bli betre kjende med ho.

Onsdag fann Marianne fram bondegården. Vi satte oss i ring på golvet inne på avdelinga. Barna fekk trekke kvar sitt dyr etter tur, som vi song om. Vi song songar som Kua mi, Med krøllet hale, Ri, ri på islandshest, Hva sier den kua som går i enga, Bæ bæ lille lam, En liten hvit and og Lille pusekatt.



På fredag var to av dei eldste barna, Elida og Sofie på samlingsstund på Biblioteket saman med Lise. Vi var saman med Anette og to barn frå Dovregubben. På samlingsstunda fekk vi vere med på ein tur gjennom eit fiktivt hus med mange fiktive dører. Bak kvar dør vi opna var det noko nytt, alt frå ein pusekatt, til kaniner, til ein mann som vatna blomar. Gjennom samlinga fekk vi brukt nokre av sansane våre, blant anna så fekk vi smake, lytte, sjå og kjenne.
Samlingsstund på biblioteket
Ellers har vi leika, både ute og inne. Leiken skal ha ei framtredane plass i barn sitt liv i barnehagen. Den har ein eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen og er ein grunnleggjande læringsform som barn kan utrykke seg gjennom. 

Uteleik denne veka
'

Fredag fekk vi servert pølse -og makaronigrateng og grønnsaker. 

Ynskjer alle ei god helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise

onsdag 1. april 2015

Veke 14

God onsdag til alle!

Ei kort veke er over og påsken er rett rundt hjørnet.
 Det har vore færre barn enn vanleg i barnehagen, så dagane har vore litt annleis enn vanleg. Mange har reist på påskeferie, andre har fri heime med familien.

Ynskjer god påske til alle store og små!


Helsing Marianne, Sølvi, Lena og Lise