fredag 25. november 2016

Veke 47





Hallo fine fredag


Ei ny veke går mot slutten, og vi går inn i den første adventshelga.

Forventningar til advent og jul er såvidt begynt å bygge seg opp, med gaver,samlingsstunder, kyrkjebesøk, lucia, nisserier og alt anna som fylgjer med. 


Denne veka har vore ei midtimellomveke, med venskapsveka rett bak oss og juleforberedingar foran oss. Vi har hatt mykje leik på avdelinga, med barns medvirkning og medbestemmelsesrett i fokus.

Barna trivast blant anna svært godt ved leikekjøkkenet, der dei dekkar på, lagar og serverer mat. Dei vaksne må drikke store mengder kaffi - enten dei likar kaffi eller ikke...




Vi har så vidt starta juleforberedingane med å lage peparkaker til kalenderen vår.
Det var veldig kjekt å bake, ikkje minst var det godt å få smake på litt deig.... 




Vi jobber så ofte vi kan med å bli ferdig med det vesle rommet vårt.
Lena er godt gang med ei heilt spesiell lampe som skal få bu der inne.
Gjett om vi gler oss til å ta det i bruk saman med barna!





I dag har hatt ei fin fredagssamling, der vi har sunge mange kjekke sangar.
Det er stas med samling, og barna kjem fort og set seg langs veggen
 når dei skjønnar at det er samling i gjerde.

Til middag fekk vi kjempegod lapskaus i dag, det søv mette mager lenge på.

Ynskjer dykk alle ei superfin helg,
med ein fin første sundag i advent.

Helsing alle oss på Tyrihans



fredag 18. november 2016

Veke 46

Hallo fredag, og hallo alle gode vener på Tyrihans!

For ei kjekk veke vi har hatt i lag!
Denne veka har vi hatt vennskapsveke i Leirstaden barnehage.
No som vi er i gong med trygg i fjell, er det ekstra viktig at vi legg litt arbeid inn i denne veka.
Vi velger å kalle det ei vennskapsveke, slik at det blir lettare for barna å forstå.

Vi har gjort veldig mykje kjekt saman - både med våre nærmaste vener på Tyrihans, men og ilag med alle venane vi har i resten av barnehagen.

dinogruppene har vi hatt samlingar, der vi har snakka om venskap, i tillegg til formingsaktivitet der alle har laga si eiga puslebrikke med sitt bilete på.



Vi er alle ei viktig brikke i eit puslespel,
uten den brikka blir ikkje puslespelet ferdig, men vi har ingen ender, så det er alltid rom for fleire.....


Tysdag hadde vi samlingsstund med "løven og musa".
Moralen i eventyret er at når ein hjelper og er grei mot andre, vil det mest sannsynleg kome deg til gode ein anna gong.



Vi har også øvd mykje på to songer denne veka:
du har noe ingen andre har og  Jo mere vi er sammen
Trykker de på songane kjem de innpå nettside som spelar dei av om de vil synge saman med barna.

EVENTYRET OM LØVEN OG MUSA

Det var en gang en løve som lå og sov, da en liten mus kom løpende forbi.
Løven våknet og slo raskt kloa i musa.           
Men den lille musa bad pent for livet sitt:
Å snille herr løve, la meg løpe! Jeg skal gjøre deg en tjeneste en annen gang!
Da lo løven lenge og godt, men han lot musa løpe.

Ikke lenge etter var løven på jakt en natt.
Plutselig ble den fanget i et stort nett som noen jegere hadde satt ut.
Løven brølte og freste mens den rev og slet i nettet.
Den lille musa hørte at løven ropte. Hun sprang så fort hun kunne for å se hva som var galt.
Hun ba løven ligge stille mens hun gnagde på nettet med de skarpe tennene sine. Det tok ikke lang tid før løven var fri.

Der kan du se, sa musa. Jeg sa jeg skulle hjelpe deg igjen!


Venskapsarmband har vi også laga denne veka.
Armbandet skal vere eit symbol på venskap, og korleis en skal vere ein god ven.
Vi var veldig spent på korleis det ville gå for dei små å lage armband med dei små perlene,
men dei fleste klarte seg svært bra! Og dei blei kjempefine!!










Alle barn og vaksne har laga handavtrykket sitt på eit stort lerret.
Dette er eit symbol på at vi er ei gruppe, med mange vener. Det blei kjempefint!


Fredag har vi hatt vennekino.
Denne dagen gjekk vi på besøk på Dovregubben og såg Timmy tid. .
Dei har ein magisk vegg, som innimellom blir gjort om til ei kjempestor tvskjerm.
For å kome inn på kinoen måtte barna levere frå seg kinobilletter dei hadde fått utdelt.
På kinoen fekk dei kvar sin kopp med mariekjeks og rosiner.
Dette var stas - og dei satt som små lys.



Når vi kom inn igjen på Tyrihans, fant vi fram eventyret om
dei tre bukkene bruse.
Dette er ein stor hit på avdelinga for tida, og barna høyrer det gjerne om igjen og om igjen.
I dag fant vi fram litt nye kulisser som kunne vere seteren og veien dit....


Etterpå fekk barna leike litt med bukkane, det er ekstra kjekt!





Takk for ei superfin veke og god helg til alle små og store vener!


Helsing fra oss på Tyrihans

fredag 11. november 2016

Veke 45

Hei alle saman!

Det blei ei litt kortare veke denne veka, sia fredagen kom som ein planleggingsdag.
Håpar de nyt den ekstra fridagen ilag!

Det har vore ei fin og kald veke, der barna har fått kalde og friske kinn når dei har vore ute i den kalde lufta.

Tysdag var dei fleste barna på Tyrihans ute på leikeplassen, dei sykla, dissa og klatra i klatrestativet. No som det er litt kaldt er det ikkje så lett å grave i sandkassen - men nokre av barna prøvar seg på det for å sjå om dei får laus litt sand.

Tysdag hadde vi og bursdagsfeiring på Tyrihans, da ei lita solstråle blei 2 år!
Vi hadde bursdagssamling med krone, bursdagskiste, fyrverkeri og song.



Torsdag var det turdag - da gjekk vi på tur bortover Kyrkjevegen.
Vi var innom trolleskogen og ropte etter trollet (troll er veldig spennande for tida), men dei holdt seg heldigvis godt gjømt inne i skogen.
Ved maten diskuterte vi det litt, og var enige om at trollet nok sov om dagen, og heller var ute og luska litt om nettene når vi søv.



På turen plukka vi kongler som vi har tatt med oss heim igjen til barnehagen.
Det er jammen mykje fint å sjå og studere i naturen!
Men kalde kongler og rim i graset er naturen eit eige kunstverk i seg sjølv.....
Kjekt å sjå endringane i naturen gjennom barneauger!


 Venner på tur



 Kjekt å stille opp og studere!






Kjekt å klatre og utfolde seg!


God helg til alle store og små på Tyrihans!



fredag 4. november 2016

Veke 44

God fredag alle sammen!
Da var november her - og det som følger med; regn, kulde, vind og ørlite sol. 

Mandag og onsdag var det dinogrupper. Denne veka har vi hatt eventyr i fokus på lillevinge, og barna har fått høyre dei tre bukkene bruse. Det var både spennande og litt skummelt. Det er blitt snakke mykje om kor trollet bur i etterkant! 

Tysdag byrja ein ny gut hos oss. Alf Tore er snart 11 månadar, og har nett starta si barnehagekarriere. 
Barna syns det er spennande med ein ny venn på avdelinga! 
No er barnegruppa fulltallig, og det er veldig kjekt! 

Torsdag fekk nokre av barna gå tur med ilag med Dovregubben.
Da var dei ein tur i trollskogen, like ved barnehagen. Troll er veldig spennande! 
Vi andre var inne i barnehagen og blei betre kjend med Alf Tore. 

I dag har vi vore inne og leika saman - perla og pusla har vi også gjort. 
Før lunsj hadde vi samling med bondegården. Barna bygde opp garden og fekk bestemme kvar på garden dyra skulle bu.



No ser vi fram mot helg, før vi tar fatt på ei ny veke med alle dei herleg småtrolla. 

God helg til store og små.