Når barnet er sjuk

Sjukdom rammer born ulikt. Nokon kan få ein lett variant av sjukdomen, andre kan bli heilt slått ut. Derfor er det vanskeleg å sei noko heilt sikkert på kor mange dagar bornet må venter før det er friskt nok til å gå i barnehagen - sjølv om det ikkje lenger er smittsamt. Dermed er det altså allmenntilstanden som avgjer.

Sjølv om allmenntilstanden er god må vi ha nokre reglar på grunn av smittefaren. Bornet kan komme tilbake i barnehagen når det er gått:

24 timer etter feber

48 timer etter siste oppkast/diare

Så sant allmenntilstanden er god, dette er ein heilheitsvurdering. Foreldre kjenner borna best, og ser straks om dei ikkje er i form. Mange blir trøtte, har mindre energi og mindre matlyst. Det er strevsamt å vere i barnehagen heile dagen, dersom ein ikkje er heilt i form. Så for å henge med, må ein vere i form.



Vanlege sjukdommar for barnehageborn:
Feber
Born sin normale temperatur kan variere. Temperature meir enn 37,5 ° om morgonen og 38 ° på kvelden anslåast å vere forhøga temperatur. Born med feber bør først og framst av omsyn til seg sjølv og smittefaren haldast heime til dei har vore feberfri i 24timer.
Diaré med eller utan brekningar
Bprn med akutte diaretilstandar kan vende til barnehagen 2 døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Dette gjelder også bleieborn. Born som konstitusjonelt har tendens til laus avføring trenger ikkje heldast borte frå barnehagen. Det må vere foreldra som avgjer om bornet har ein unormal diaretilstand. Ved diaretilstandar der ein mistenkjer næringsmiddeloverført mikrobe (til døme etter utlandsreise) bør bornet undersøkjast av lege og det bør sjekkast om andre born i barenhagen har symptom.
Augekatarr (konjunktivitt)
Med dagens kunnskap er det ikkje av smittevernomsyn grunnlag for å anbefale at barnehageborn ved mild til moderat augekatarr heldast heime. Berre ved kraftig augekatarr med rikeleg pussdanning bør bornet av smittevernomsyn haldast heime inntil pussdanninga har avteke. Ved kraftig augekatarr vil det vanlegvis vere behov for legekontakt, og bornet sin allmenntilstand vil også i stor grad styre behovet for å vere heime frå barnehagen. Det må vere opp til barnet sine foreldre å avgjere om eit barn som har symptom på augebetening skal undersøkjast av lege. Dersom behandling igangsetjast kan barnet gå i barnehagen dagen etter igangsatt behandling. Barnehagenansatt kan generelt ikkje forlange at born med augebeteningssymptom skal undersøkjast eller behandlast med augedropar før dei kan få gå tilbake til barnehagen, men kan ved tvil drøfte dette med barnet sine føresette. Ved usikkerhet bør smittevernlegen i kommunen kontaktast.
Forkjøling
Forkjøling er den vanlegaste infeksjonen hos born. Snue, snørrdanningar, hoste, nesetetting og rennande auge er dei vanlegaste symptoma. Bornet kan gå i barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.
Influensaliknande symptom
Influensaliknande symptom kan vere feber med frysningar, tørrhoste, muskelverk og lett snue. Bornet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstaden tilseier det og ein har vore feberfri i 24 timer. Ved influensapandemi kan det vere aktuelt å halde barnet heime lengre.
Hoste og andre luftvegssymptom
Hoste er eit vanleg symptom ved forkjøling og andre luftvegsinfeksjonar. Ved hoste utan feber kan barnet gå tilbake til barnehagen når allmenntilstaden tilseier det. Ved langvarig eller kraftig hoste bør bornet undersøkjast for blant anna kikhoste.
Øyrebetennelse
Øyrebetennelse artar seg vanlegvis som plutseleg øyreverk ofte kombinert med feber og forkjøling. Bornet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.
Brennkoppar
Born med brennkoppar kan vende tilbake til barnehagen når hud-lesjonane er under kontroll. Grunnlaget for skjønnet her må vere at det ikkje lengre er fare for at smitteførande sårsekret kan påførast andre barnehageborn direkte eller indirekte gjennom kontaktpunkt. Ved få og små lesjonar vil dette kunne ivaretas gjennom god tildekking, men ved meir utbredte  lesjonar vil det vere nødvendig at lesjonane er tørre og i god tilheling.

Når barnehagen ringer og seier at barnet er sjuk

Nokon gongar får ein som foreldre telefon frå barnehagen om at bornet er sjuk og må hentast. Om ansatte i barnehagen ser at bornet blir dårlegare, er det viktig at dei seier ifrå til foreldra. Ofte er det nødvendig at borna blir henta. Sjuke born skal ikkje vere i barnehagen. Spesielt viktig er dette ved oppkast og diare. Da må bornet bort frå barenhagen så raskt som mogeleg for å avgrensa smittefaren for dei andre borna. 


Heime med sjukt barn – igjen!

Særskilt kan dei første åra i barnehagen verkar som om bornet blir smitta av kvart einaste virus som er innom barnehagen. Det er slitsamt både for bornet og foreldra, og det er ikkje alltid så enkelt å måtte vere heime frå jobb - igjen! Når ein har eit barn kan ein vere heime med bornet ved sjukdom inntil 10 dagar per kalenderår. Antallet er det same når ein har to, men utvidast til 15 dagar ved tre eller fleire born. Regelen gjeld til bornet fyller 12 år. Er bornet kronisk sjuk, kan ein søkje om fleire sjukedagar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar