fredag 30. september 2016

Veke 39

Vekene går fort!
Vi er knapt starta på ei ny veke, før fredagen er her og vi tar helg.

Denne veka har haustveret komt for fullt, med sterk vind og kraftige regnbyger.
Men vi har hatt oss nokre gode turar ute på leikeplassen.

Ein dag var Dina - dinosaur på besøk.
Dina er rektor på Dinoskulen. Barna fulgte spent med på rektoren,
medan ho fauk rundt i barnehagen for å hente inn leksene til dinobarna.




LilleFot har barna hatt samling med bondegården og fått leike på Dovregubben på mandag og onsdag. Det er veldig kjekt å få gå på Dovregubben på gruppe og treffe dei andre barna som er like gamle.

Barna på Lille Vinge hadde på mandag formingsaktivitet,
Da tok alle barn og vaksne og handavtrykk i ei sirkel,
dette er eit symbol på ein ring av venner.
På onsdag hadde vi først samlingsstund på gruppa, før vi hadde leikegrupper.
Veldig kjekt!

Tyrihans har fått arve nokre veldig fine leikar av ein snill familie som har vore på avdelinga.
Gjett om det har vore stas! Barna oppdagar stadig nye leiker dei kan leike med.
Men ein leike er allereie blitt favoritt blant alle barna.....

Kjekt å banke ned ballane, mens musikken ljomar.
Her øvar også barna på kva dei ulike fargane heiter, og dei får veldig gode ventemusklar,
medan dei ventar på at det skal bli sin tur til å leike.

No har vi nett ete gode kjøttkaker i brun saus med poteter og grønnsaker.
Det smakte veldig godt!
Barn med magen fylt med god mat, sover ekstra godt!



Takk for ei fin veke og god helg til dykk alle.


Mvh

Tyrihansdamene






fredag 23. september 2016

Veke 38


Brått er ei ny veke komt til endes,
og det er på tide å oppsummere veka som er gått.

Mandag og onsdag hadde vi premiere på vennegrupper.
Dette er aldersinndelte grupper på tvers av huset,
som vi skal ha kvar mandag og onsdag i dinotida.
Barna på Tyrihans er fordelt på gruppene Lillefot og Lillevinge,
der dei aller minste er på Lillefot, og dei som er året over er på Lillevinge.
Og gruppene var ei stooooor suksess!
Både barn og vaksne hadde det veldig kjekt!
Å få treffe andre barn og vaksne på tvers av huset er svært spennande, for små og store.

Lillefot har tida denne veka gått med på å ha ein liten samling,
før barna har fått leike og bli litt kjend med kvarandre.




Lillevinge har hatt samlingsstund,
og hatt leik med duplo, bilar og leikekjøkkenet.
Viktig å gi barna litt tid til å bli kjend med dei andre barna,
og dei vaksne dei ikkje er med kvar dag.




Vi gler oss allereie til gruppene neste veke!
Og de får høyre mykje meir om dei på
foreldremøtet torsdag 29. september.

Dei andre dagane har gått med til å tilbringe mest mogleg tid ute.
Det er om å gjere å benytte seg av det herlege vèret, og barna stortrivast ute.
På leikeplassen skjer det mykje fint samspel mellom barna, barna leikar saman, delar, hjelper kvarandre og har det veldig kjekt.
Ofte opplever vi at det oppstår færre konfliktar ute enn inne,
da det er eit større område å boltre seg på,
og fordi barna er oppslukt av alt som skjer rundt dei.

Når vi har vore inne på avdelinga, har vi forsøkt å legge til rette for fint samspel mellom barna, med bordaktivitetar som bilteppe med bilar oppe på bordet. Puslespel der barna byttar på puslespela når dei er ferdig med eit, duplo, leik på det lille rommet og leik i kjøkkenkroken.



No er fredagen her, og vi skal ha det kjekt saman også i dag.
Vi nyter mest mogleg av dagen ute, før vi tar helg.


Ønsker dykk alle ei finfin helg.


Helsing dei glade

Tyrihansdamene



fredag 16. september 2016

Veke 37

For ei fantastisk fin veke i barnehagen, med strålande sol og masse utetid.
Barna har det veldig kjekt ute, og ber om å få gå ut så fort frukosten er komen ned i magen.
Herleg!!

Måndag var det planleggingsdag i barnehagen.
Personalet i Leirstaden hadde ein flott, effektiv og kreativ dag, der vi fekk planlagt mykje av haustens aktivitetar og pedagogiske opplegg saman.
Å få ha slike dagar saman der heile personalet får ta del er gull verdt, både for personalet og ikkje minst for hovudpersonane; barna!

Tysdag hang sola høgt på himmelen, og vi gjekk fort ut for å leike.
Det var så godt å vere ute at vi ikkje ville inn for å ete - så lunsj på tysdag blei ferdigsmurte skiver, inntatt på benken ute.
Det var stor stas - og barna følte seg store og stolte som fekk sitte på benken å ete.





 Tysdag kom det ein ny gut til avdelinga. Han er 17 månadar.
Vi gler oss til å bli bedre kjend med han!

Både onsdag, torsdag og fredag har vore prega av uteleik, der vi har vore ute med vennane våre fra Tyrihans, og andre vennar fra dei andre avdelingane.
Onsdag kom det ny sand i sandkassen, det var veldig kjekt!
Denne dagen sat vi i sandkassen nesten heile tida når vi var ute.

No er fredagen komen.
Dagen har vi tilbrakt ute, både med å sykle, leike i sandkassen, disse, leike i båten, vere på seglebana , og stort sett alle andre plassar vi kan vere på uteplassen.
Vi har ete kjempegod lapskaus til lunsj, med flatbrød og smør.
No kvilar vi i vognene våre, slik at vi blir klar til å ta fatt på resten av dagen, og helg.

Vi ønsker alle saman ei strålande helg i den herlege sola.


Helsing Tyrihansdamene


fredag 2. september 2016

Veke 35

Da er i komt til den første veka på hausten, og haustværet har meldt sin ank
Det er rolege dagar på avdelinga, med masse tid til leik, kos, sang, dans og forming.

Denne veka har vi lånt togbana fra Flåklypa.
Å få bygge bane og kjøre tog er veldig gøy for nokon, mens andre syns det å ødelegge bana
er heile moroa.



Nokre av barna har hatt ein fin tur på vegen på Hjelteryggen.
Der var det masse å studere å bli betre kjend med, hundar, soppar, pinnar og dyr.
Vi gler oss til fleire turar utover hausten!


To gode venner på tur


Den eine dagen hadde vi ei svær flue på besøk på Tyrihans.
Å jakte på fluer er veldig spennande - i allefall på hausten når dei begynner å bli litt sløve
og lettare å få tak i.
Vi klarte å fange flua - det var kjekt å studere den og alle dei spennande delane den har på kroppen.


Det lille rommet vårt er i ferd med å få ein liten makeover.
Det skal bli rom som både er magisk, gøy og kreativt.
Lena er i full gang med å grunne veggen - så det blir klart for nye ideer.


Vi gledar oss til å vise dykk resultatet!

No er det regnfull, fredag ettermiddag. Dei fleste barna sover, god og mette på
heimelaga pizza.
Snart ta vi helg, og lader opp til ei fin ny veke med herlege småtroll.

God helg