fredag 16. desember 2016

Veke 50 og 51

Hei flotte, fine fredag!
No er det ikkje lenge attende til jul! Vi er komt i julemodus dei fleste av oss.
Vanskelig å unngå når ein arbeider i barnehage og får drive med juleverkstad, kakebaking og lytte til julemusikk kvar dag i desember.

Vi har hatt to begivenhetsrike veker, der vi har opplevd litt av kvart:

På avdelinga har vi laga julehemmelighetar som barna får med seg heim.
Vi har også baka herlege lussekattar som skulle vere klare til Luciadagen 13 desember.



I har også hatt adventsamlingar, der vi har tent lys og sunge julesongar.


På torsdag var vi invitert bort i Foldnes kyrkje til adventsgudstjeneste.
Det var ein spent gjeng som vandra bort til kyrkja, tidleg på morgonen.
I kyrkja blei vi tatt godt i mot, og vi fekk sitje laaaangt framme.


Vi fikk høyre historien om da Jesus ble fødd og vi sang mange fine julesangar.
Ein engel med masse fargar i håret kom også innom for å helse på og lærte oss ein sang om Jesus barnet.  


 Tilslutt fikk vi deilige pepperkaker



Når vi kom tilbake til barnehagen etter kyrkjebesøket, var det klart for teater på fellesrommet.
Der fekk vi sjå forestillinga; tre bøtter til vaskepott.
Dette var eit morsom stykke som handla om Askepott,som heller ville bli kalt Vaskepott,
fordi ho var så glad i vaske.
Ho ville ikkje gifte seg med prinsen på slottet.
Heldigvis for Vaskepott var prinsen allergisk mot vaskebøtter. 




I løpet av desse to vekene har vi også hatt Luciafeiring.
Kjekt at så mange foreldre tar seg tid til å kome på markeringa.
For dei minste, er det trygt å få vere på mamma eller pappa sin arm medan dei store avdelingane går i Luciatoget - markeringa er jo tross alt for barna, så da må det bli på deira premissar.



I dag har det vore mange smånisser i barnehagen. Nissefest er alltid kjekt!
Vi starta på fellesrommet, med teater for alle barn og vaksne i barnehagen.
Der fekk vi vere med inni huset til familien i musevisa - musefar, musemor, busebesto og dei to musebarna. Dei fekk ein stoooor pose, med ein gave til kvar avdeling frå sjølvaste julenissen. Den gaven skal vi nyte i lag med frukten i ettermiddag.



Etter forestillinga gjekk vi rundt treet, medan vi sang julesangar. Veldig gøy!
Tilbake på avdelinga venta julegraut med raud saft.
Gjett om vi er trøytte når vi legg oss i vognene i dag!

Vi ynskjer dykk alle ei strålande fin helg!

Helsing oss på Tyrihans

mandag 5. desember 2016

Veke 49

Hallo fine fredag!

Brått var fredagen her att, og vi er klare for å gå inn i andre helga i advent.
Håpar de alle til no har hatt ei fin adventstid, utan for mykje mas og jag.

I barnehagen har vi hatt ein fin veke.
Dinogruppene har tatt juleferie, og vi er saman på avdelinga der vi lagar litt julehemmelighetar, leikar, syng, lyttar til julemusikk, kosar og dansar.

Spanande med babydukke!


Fint samspel mellom to av barna på avdelinga


Denne veka  har vi pynta peparkakefigurane våre.
Litt pynt gjekk på kaka og litt måtte bli godkjent med litt prøvesmaking.
Nam - nam!



Litt juleverkstad har vi også hatt.... der har vi laga fine julehemmelighetar.
Her er ein liten sniktitt :)



God helg ! :)


Helsing alle oss på Tyrihans