fredag 27. januar 2017

Veke 4

Hallo fredag!

Så var det tid for helg igjen. Vekene rasar avgårde!

Denne veka har vi fordjupa oss i natur, miljø og teknikk, vi har hatt litt gjenbruk da vi har begynt på prosjekt fuglematar. Barna har malt på mjølkekartongar som skal bli fine fuglematara til å ha utanfor avdelinga. Vi gler oss til å gjere dei ferdig!





Barna har sjølv fått velge kva farge dei ville bruke når dei skulle male og kor lite/mykje dei ville ha på. Nokre kjem fort til bordet og kan knapt vente, medan andre må overtalast litt for å ville male - men dei vil oftast ikkje ned igjen når dei fyst er begynt. 

Det vesle rommet er opna og barna stortrivast der inne.


Kjekt å verre inne i teltet! Nokre likar å legge seg ned og sjå lyset som kjem inn, medan andre syns det et kjekt å prøve å velte det. Med sjørøverflagget på toppen er det ekstra kjekt å få høyre kaptein Sabeltann medan ein leikar. 


Parkeringshuset er kjekt for både jenter ogguter. Kjekt å sjå bilane ake nedover den bratte utkjøringsbana. 

 
God helg til alle små og store 

Obs! Neste fredag er det planleggingsdag - da er vi stengt. 

Helsing oss på Tyrihans





fredag 20. januar 2017

Hakkebakkeskogen



Fram til temafesten i februar har vi Hakkebakkeskogen som prosjekt.
For å bli betre kjend med dyra som bur i skogen,
fant vi ein dag fram den magiske skjermen i veggen. 
Der såg vi på nokre små klipp frå Hakkebakkeskogen vi  kunne finne på youtube.










God helg!





mandag 16. januar 2017

Veke 1 og 2

Da er vi tilbake etter jul og nyttår.
Barnehageåret er i gang for fullt og vi nyter dagane saman.

Her er eit lite bilderace fra vekene som har gått til no i år.

Hurra! Det kom litt snø saman med det nye året.

Det vesle rommet er ferdig og barna har vore inne og leika. Veldig kjekt!






Ha ei fin veke!


Helsing store og små på Tyrihans