fredag 29. mai 2015

Veke 22

God fredag!

Denne veka har vore litt kortare enn vanleg, den starta nemleg med ein ekstra fridag. 

Tysdag var vi på plass igjen. Vi gjekk ut på føremiddagen, der vi leika i sandkassa, dissa, sklei i sklia og sa hadet til dei større avdelingane som skulle på tur. Ettermiddagen tilbrakte vi inne på avdelinga med frileik og utforsking. 

Onsdag planta vi solsikkefrø i mjølkekartongane vi måla for ei tid tilbake. No ventar vi spent på at små spirer skal vekse opp. Vi fekk også teke ei skisse av handavtrykka til barna, av dei skal vi lage ein vennskapssirkel av alle barna på Tyrihans. 





Torsdag var det fotografering, alle barna hadde pynta seg var klar for å bli teken bilete av. Fotografen var kjempemorosam og fekk barna til å smile og le. Bileta skal no vere tilgjengeleg på nett slik at ein kan logge inn med brukarnamn og passord for å ta ein titt. 

Føremiddagen på fredag tilbrakte vi ute i regnværet. Sjølv med regntøy og støvlar var vi ganske våte når vi trakk inn igjen rundt lunsjtider. Men med byttetøy i kassane, så var ikkje dette noko problem. Vi markerte Natalie som fyllte 2år denne dagen, den blei markert med krune, bursdagssong og ei overrasking. Til lunsj fekk vi servert fiskepinner og pomfri.





Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi, Nida og Lise

fredag 22. mai 2015

Veke 21


Nok ei veke er omme og helga står for tur. Denne veka har vi vore ute både i sola og i det fuktige og kalde vèret. Vèrgudane har jammen meg bydd på litt av kvart. Vi har hatt alt frå opplett og sol til store sølepyttar som ein nærast kan svømme i. 

Vi har også leika inne på avdelinga der vi blant anna har leika i kjøkkenkroken, leika med ball, pusla, perla med store perler og sklidd i sklia. Torsdag baka vi ostehorn til lunsj, nokre av barna fekk vere med å hjelpe, andre observerte, mens resten av barna var ute å leika.


Om du ser nøye på bilete over, ser du at barna har smilefjes på handa si. Dette er ei belønning av at dei har vore med å rydda på avdelinga. Dette gjer vi for å motivere barna til å rydde. Belønninga treng ikkje alltid koste noko, men ved bruk av belønning med små barn må belønningen komme umiddelbart etter det som er forventa. Vi kombinerer alltid belønning med ros, positiv merksemd og oppmuntring. 

Til lunsj på fredag fekk vi servert lapskaus med flatbrød.

Det er tida for foreldresamtalar. På døra inn til Tyrihans heng det ei liste over tidspunkt for samtale, dei som måtte ynskje det kan skrive seg opp på det tidspunktet som passar. Målet med foreldresamtale er å styrke samarbeidet i størst mogleg grad slik at vi saman bidrar til at barnet får ei så trygg og utviklande tid i barnehagen som mogeleg. For at vi skal få til det, er det avgjerande at vi har ein open dialog med dykk som foreldre. 

Torsdag 28 mai kjem det ein fotograf frå FOVEA som skal ta bilete av barna på Tyrihans, fotograferinga er frå kl.09.00 og utover.


Ynskjer alle ei riktig god helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi, Nida og Lise. 



onsdag 13. mai 2015

Veke 20

God onsdag!

Høgdepunktet denne veka har vore mai-festen på tysdag. Sjølve markeringa gjekk føre seg ved at heile barnehagen gjekk i tog i området rundt barnehagen. Monika framst, så rosarussen og etter kom  alle dei andre barna avdelingsvis. Barna hadde medbrakte og sjølvlaga faner og flagg. Siren, som til vanleg held til på Flåklypa, hadde teke med seg althornet sitt og stemte i med "Ja, vi elsker", "Norge, i rødt, hvitt og blått" og "Gammel jegermarsj". Undervegs på turen rundt Amfiet, stoppa vi opp for å vinke til "Kongen". Etter togturen samla vi oss nede i Amfiet der det var tale for dagen og song.

Oppe i barnehagen var det svampekasting, det var om å gjere å treffe Daniel og Kim Andrè. Alle hadde kvar sine tre kast, og etter at alle avdelingane hadde fått kasta var dei nokså blaute.

Til lunsj denne dagen hadde vi pølse i brød eller lompe, og saft.




Minner alle om at barnehagen er stengt torsdag og fredag.

Ynskjer alle ei fin langhelg og ei fin 17 mai-feiring!

Helsing Tyrihans-damene!

fredag 8. mai 2015

Veke 19


God fredag alle saman!

Tysdag valte vi å vere ute i finvèret framfor å ha grupper inne. 
Vi har fått nokre nye syklar og sparkehjul ute på leikeplassen, nokre som passar for dei minste barna og nokre som passar for dei største barna.

Det er kjempekjekt å vere passasjer på denne sykkelen.

Vi er allereie godt ut i mai, så torsdag denne veka laga vi mai-bilete. Barna fekk kvar sitt raude ark med lim på, på arka putta dei små samanrulla biter av raud, blå og kvit silkepapir. Dei vaksne hadde valt ut fargane i det norske flagget, men barna fekk sjølv bestemme korleis og kva av fargane dei ville bruke på biletet sitt. 

Gjennom denne aktiviteten får barna stimulert finmotorikken sin, dei må bruke fingrane sine til å plukke opp silkepapirbitane og bevege dei mot arket som er målet. Vi snakkar også om auge - hand - koordinering. For at barna skal utføre kontrollerte, små rørsler, må det skje ei nøye samordning mellom det augene ser og dei handlingane fingrane utfører.




Fredag fekk vi servert deilig pizza med skinke og kjøttdeig.

 Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing damene på Tyrihans J