fredag 27. februar 2015

Veke 9

God fredag!

Denne veka har fleire av barna i Leirstaden tilbringt vinterferien på fjellet, andre i barnehagen og nokon heime. Vi har vert få barn på Tyrihans denne veka, mykje skylda sjukdom. 

På tysdag denne veka tok vi turen ned til Amfiet, det var kjekt å komme seg litt utanfor porten.
I Amfiet klatra vi i dei store trappene, der fekk barna utfalde seg motorisk. Det vart eindel frustrasjon, men dei gav ikkje opp før dei var på toppen av trappene. På toppen strålte dei av meistringskjensle!



Denne veka hadde Marianne med seg nokon nye "brukte" leiker som ho hadde med seg heimefrå. Det var doktorutstyr, koppesett, ulike leikematvarer, ei prinsessebok og andre småleiker. Det er alltid spanande med nye leiker, så det har blitt eindel doktorleik og matlaging i kjøkkenkroken.  


Fredag åt vi heimalaga pizza til lunsj, det falt i god smak hos dei fleste barna.

Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise

fredag 20. februar 2015

Veke 8


Nok ei veke er over!

Denne veka har ei ny jente begynt hos oss på Tyrihans, ho heiter Lilly. Vi har brukt denne veka til å verte kjende og skape trygge omgivnadar for ho. 

Onsdag hadde Sølvi sutte fram noko måling som dei skulle bruke på Dinoskulen. Barna på Tyrihans trudde dei skulle få måle og var ivrige på å setje seg opp til bordet. Så istadenfor å skuffe barna, fann vi fram måling og ein rull med ark.Vi måla litt med pensel og litt med hendene. Barna fekk medverke i sin eigen kvardag.


Nokre av barna måla med hendene
Nokre av barna smakte på målinga

Høgdepunktet denne veka var årets karneval. Barnehagen var fylt med blant anna prinsesser, sjørøvere, superheltar, klovnar, smurfer og forskjellige dyr.
Ei stund etter frukost kom Dovregubben inn på avdelinga vår. Det var karnevalsmusikk, dans, pinjata, såpebobler og vi laga kvar vår karnevalsmaske. Vi avslutta festen med hotdogs og saft!

Pinjataen vår







Her har vi fått hull på pinjataen 


Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise

fredag 13. februar 2015

Veke 7

God fredag!

På søndag er det fastelavn og i den anledning har barna laga fastelavnsbilete. Barna får gjennom fagområdet "kunst, kultur og kreativitet" kjennskap til blant anna ulike materiale. 
I denne omgang brukte vi ark, fjær, lim og glitter. Fleire av barna brukte sansane sine til å bli kjende med dei ulike materiala vi brukte. Nokre av barna måtte smake litt på fjæra, andre tykte det var litt rart med lim på fingrane sine, men kjekkast var det å kaste fjæra, slik at dei svevde sakte ned mot golvet. 




Vi har også hatt litt uteleik denne veka. Det har duskregna, å nokre små dammer har blitt til. Det er spanande å kjenne, smake og plaske i det skitne vatnet. 







I tillegg til uteleik har vi også leika inne. Vi har blant anna perla, pusla og lest bok denne veka.




Det er fleire tilfeller av vannkopper i barnehagen for tida, også på Tyrihans. Det er ein svært smittsam barnesjukdom, nokon får mykje feber og veskefylte blemmer, andre får nokon blemmer, men føler seg ikkje sjuke. Det er viktig at barnet er heime frå barnehagen til det er feberfri og til utslettet har tørka heilt ut. Hugs ein feberfri dag før barnet kjem tilbake til barnehagen. 


Ynskjer alle ei god helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise



torsdag 5. februar 2015

Veke 6



Hei alle saman!

Denne veka har vi hatt eit nydeleg vintervèr. Vi har vore ute å dissa, prøvd sklia og hatt uteområdet neste heilt for oss sjølv. Sanden i sandkassa er forsatt frossen, så det har blitt lite sandkasseleik i det siste. Dei eldste barna har også fått utforska "Hauen", der dei har dissa i den store dissa og leika i leikehuset. 


Ingelill frå Dovregubben og Siw frå Tryllefløyten har starta eit prosjekt der heile barnehagen skal ha meir fokus på teikn til tale. Dei har også starta språkgrupper, der det blir rullering av barn frå dei ulike avdelingane i barnehagen.

Denne månaden skal vi lære to songar med teikn "Frosk og fisk og krabbe" og "Fly og bil, katt og pil".

"Frosk og fisk og krabbe" med teikn

"Fly og bil, katt og pil" med teikn

Vi har også laga morsdagskort som barna har fått med seg heim i dag. 

I morgon 6 februar er det planleggingsdag for personalet i Leirstaden, barnehagen er derfor stengt.


Ynskjer alle ei god helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise