fredag 24. februar 2017

Veke 8

Hallo fredag! 

Så var enda ei saman med dei flotte små over. 
Vi har hatt ein fin veke i lag!

Inne har vi hatt mykje fin leik. 
At rommet er delt i fleire sonar gjer at nokre av barna får ein fredligare leik, da dei ikkje blir like fort uroa av ting rundt. 
I duplokroken trivast vi alle veldig og barna byggjer høgt og stort. 


Mange av barnas album med bilete av familie, soverom, arbeidsplassen til og far er ferdige. 
Barna ber stolt rundt på albuma sine og viser fram vener og familie som dei er så stolt av. 
Vi tar gjerne i mot bilete frå de som ikkje har levert. Send det til Marianne på mail, så printer vi ut!

Dinogruppene er starta opp att, nokre av dei som var på Lillefot før jul, er komen opp på Lille Vinge - dei stig i gradene etter kvart som dei blir eldre ;-)
På gruppene har barna hatt samlingsstund etterfulgt av fin leik. Greit med ein litt roleg start på gruppene, så barna får gode relasjonar til dei vaksne på gruppene. 

Dagene utan grupper har vi vore ute. 
Barna trivast ute og alle vil gjerne verre førstemann ut. 



To gode vener :-)

God helg til alle våre vener! 

Helsing frå store og små på Tyrihans





fredag 17. februar 2017

Veke 7

Så er enda ei barnehageveke komen til endes, og vi går mot helg.
Vi har hatt ei veke med mykje fint ver, og har vore mykje ute.

Inne har vi hatt samling med dei tre bukkene bruse som skulle til seters å gjere seg feite.
Barna synast det er eit spennande eventyr og nokre syng gjerne på bukkene bruse sanger i fleire dagar etter samlinga.



Endeleg var det tid for temafest.
Nytt av i år er at barna har vore med å laga sitt eige kostyme.
Dei var veldig fine der dei kom på fellesrommet, klare for å sjå på ein liten dramatisering frå dyra i Hakkebakkeskogen.








Etterpå var det disko på Dovregubben for Tyrihansbarna og Dovregubbenbarna.
Der fekk vi slå katta ut av sekken - gjett om det var godt det som var oppi der!



God helg!


Helsing store og små på Tyrihans

fredag 10. februar 2017

Veke 6

Hallo flotte fredag!

Så var helga her igjen .
Det har vore ei herleg veke, med sol og kulde.
Herleg å vere ute utan å bli våt, men å heller kunne bevege seg rundt i behageleg dress.
Litt kaldt har det vore, så vi har måtta kle godt på oss når vi har vore ute.

Mandag 6 februar var det samane sin dag.
Det markerte vi i barnehagen ilag med Dovregubben.
Der fekk vi kome inn og teikne samane sitt flagg - nokre syns det var kjekt å få teikne,
medan andre var ikkje så interessert i det.






Vi fikk og ligge på golvet og sjå ein liten film om samar i taket.
Det var veldig kjekt!
Ikkje minst var det kjekt å få vere litt med barna på Dovregubben!



Etterpå fekk vi kome inn til samejenta, 
ho fortalde oss eit lite samisk eventyr og viste oss nokre ting som samane brukar.



Fredag avsluttar vi årets sameeventyr med å ha lapskaus med reinsdyrkjøt til lunsj.



Vi fortsetter  med Hakkebakkeskogen - prosjektet vårt.
Denne vekar har barna malt sine egne kostymer/t - skjorter, med farger utifrå kva dyr dei har valgt å vere når vi skal ha temafest.
Dei blei veldig fine, så vi gler oss til å ta dei på neste fredag når temafesten skal vere.


Fredag formiddag har vi hatt brannøving.
Da måtte vi øve oss på å stille ved gjerde når alarmen gjekk.
Litt spanande!

Etter brannøvinga gjekk vi ein tur til amfiet.
Kjekt å klatre opp og ned amfiet og trene grovmotorikken litt.
Inne i varmen hadde ei lita samling med eventyret om bukkene bruse
og litt gymleik før vi sat for å ete lunsj.


Vi ynskjer dykk alle ei riktig fin helg!


Helsing store og små på Tyrihans