mandag 29. juni 2015

Veke 26

Helga står for tur igjen, og enda ei veke er over. 
Det har vore ei roleg veke, der vi har tilbrakt det meste av dagane ute i det fine vêret. Endeleg kan vi springe ut med joggesko og gensar/tskjorte. 
Borna kosar seg ute, og det skjer masse fin leik og samspel, både innad avdelinga og med born frå andre avdelingar. 



Tirsdag fekk vi gode pizzasnurrer av Dovregubben - det smakte VELDIG godt! 


Innimellom er det godt med ei lita pause fra sola og lese litt i ei bok saman med en vaksen. 



Fredag fekk i pølse og potetstappe til lunsj, det smakte :-)

Bloggen tar ferie til skulen startar. 
Vi ynskjer alle våre born og foreldre ein strålande fin sommerferie. 

Helsing Tyrihansdamene. 

fredag 19. juni 2015

Veke 25

God fredag alle saman! 
Brått er det helg igjen - vekene flyr! 

Det har vore ei forholdsvis roleg veke på avdelinga, der vi prioritert å vere mykje ute på leikeplassen. 
Fortsatt er det stort sett dress, flis og regnkle som gjeld, men vi håpar vi snart berre kan ta på oss sko og springe ut!


Ingenting er så kjekt som store dammer!! 


Torsdag fekk dei som var vekke når vi malte melkekartongar gjere det, så no er også dei klar for jord og blomsterfrø. 



 I dag nyter vi herleg skippergryte med grønnsaker til lunsj, før nokre tar seg ein velfortent lur. Vi andre leiker litt medan vi venter på at alle skal vakne. 
Når vi har ete frukt kler vi oss og tar resten av fredagen ute. 

God helg!

Helsing Tyrihansdamene 


fredag 12. juni 2015

Veke 24

Så var enda ei barnehageveke komt til endes, og vi nærmar oss ferietid for både born og vaksne. 

Veka fekk ein travel start medklargjering til årets sommarfest, med magisk samling som tema. Både born og vaksne var spente når timen endeleg var slagen, og vi venta spent på  foreldre, søsken og besteforeldre. 

På vegen fra parkeringsplassen venta både forskarar og hekser for å ønske alle velkomen. 
I barnehagen var det klart for ein magisk reise med samlingingsstunder med både froskar, matrosar, trommer, eventyr, film og natursti. 



Etterpå alt dette var det ein liten tale fra representanter fra samarbeidsutvalget, og høgtideleg roseseremoni for dei flotte førskuleborna i Leirstaden. 
Så var vi veldig klare for mat - lapskaus smakte veldig godt i sultne mager. 
Håper alle hadde ei fin oppleving på sommarfesten - det hadde i allefall vi! 


Resten av veka har gått med til leik, både ute og inne.Formiddagane nyter vi å vere på uteplassen, der både sandkassa og syklane er ekstra stas - spesielt når du får noken andre til å sykle deg rundt på plassen. 




Solsikkene veks og kjem snart ut av mjølkekartongane - kjekt å følge med på at dei blir større for kvar dag. 
Snart skal dei få vere med heim og vokse vidare heime. 



Takk for ei fin veke og god helg 😀

Helsing Tyrihansdamene




torsdag 4. juni 2015

Veke 23

Så var vi snart ferdig med første sommarveka i 2015, uten at det er så mykje som minnar om det... 
Ute er det surt og kaldt, og med flis under regnklea og tjukke huer minnar det mest om vinter. No vil vi ha sommar!!

Dei to første dagane denne veka holdt vi oss inne, da det blåste og regna sidelengs ute. Inne i varmen leikte vi, hadde bordaktivitetar med samlingperling og pusling og lagde fleire handavtrykk til plakaten vår - det er viktig at alle får vere med i venskapsringen! 
Så fekk vi ble enda betre kjend med Julija, som skal vere vikar hos oss ei stund framover. 






Det eine bordet vårt blei gjort om til ei lita hytte. Spennande å sitte inni og kikke ut, og vere utanfor og kikke inn... 



Onsdag var alle dei store avdelingane på tur til Sotra arena, og vi fekk heile huset for oss sjølv nokre tima saman med Dovregubben. Lena og Anette lagde deilig pizza som vi fekk til lunsj - gjett om det smakte etter masse leik ute på leikeplassen! 



Torsdag var det stor dag på Tyrihans, da Solveig blei 2 år! Kjekt og stas med bursdag! Ho blei feira med krone, fyrverkeri, sang og ein overrasking frå bursdagskista. 
Også denne dagen fekk vi oss ein tur ut - herleg når sola kikker innom og seier hei! Da har vi det ekstra kjekt ute!


No er det herleg fredag, sola heng på himmelen, og vi nyter mange timer ute. På sånne dagar går vi kun inn for å ete og kvile oss litt. 
Til lunsj får vi fiskekaker i pitabrød med masse grønt til - veldig godt og populært blant barna. 



God helg til alle fra oss på 
Tyrihans