fredag 27. mars 2015

Veke 13


Hei og god fredag!

Nok ei veke er omme.
Veka starta med nedbør og store sølepyttar ute på leikeplassen, men resten av veka har vi hatt sol og opplett. Natalie starta hos oss på Tyrihans denne veka, ho er ei jente på snart 2år som har komt veldig fint inn i gruppa vår.

Tysdag delte vi gruppa i to, nokon var på tur på Kyrkjevegen, resten var igjen å laga påskepynt i barnehagen. 

Våren er komen, den fyste hestehoven

Onsdag var den internasjonale vaffeldagen, så Eva-Birthe diska opp med vafflar til oss.

Vaffeldagen 25 mars

Barna på Tyrihans har laga kjempefine bilete av påskyllingar og påskekyllingar som ein kan ha i blomsterpotta til pynt. Resten av veka har vi leika inne og ute i barnehagen.





Fredag fekk vi servert fiskepinner, potet og grønnsaker.


Ynskjer alle ei god helg og god påske til dei som vi ikkje ser i nest veke!

Helsing Marianne, Sølvi, Lena og Lise



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar