fredag 13. mars 2015

Veke 11

God fredag!

Denne måndagen starta to nye barn på Tyrihans, Saga og Erling. Dei er begge rundt 1år gammal og vi gleder oss til å bli betre kjende med dei. 

Tysdag starta brått med ein mørklagt barnehage, det var ganske kosleg i grunn. Etter ein time i mørket kom heldigvis straumen tilbake. Denne dagen var det også den store Barnehagedagen der vi hadde invitert foreldre til å ta del i markeringa. Slagordet i år var
"Vi vil ut!" og omhandla barenhagen sitt arbeid med natur og friluftsliv. Bakteppet er Friluftslivets år 2015. Sidan dei nye barna skal få ein trygg og roleg start valte vi å dele gruppa i to. Nokon av ei eldste barna var med ut på markeinga, mens resten var igjen inne. 





 På markeringa var det rebusløp oppe på Haugen, med ulike postar om blant anna kva som er namnet til hovudpersonen i filmen "Frost". Alle fekk stempel på handa si ved endt post. Nede igjen i barnehagen hadde Monika ei magisk samling om "Reven som gjeter". Vi avslutta med deilig lapskaus inne på avdelinga.

Monika dramatiserer eventyret om "Reven som gjeter"
Rebusløp på Haugen

Resten av veka har vi hatt nydeleg vårvèr, så vi har vore mykje ute å leika. 


Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar