fredag 20. mars 2015

Veke 12


Heisann alle saman!


Torsdag denne veka hadde vi besøk av to damer, begge med namnet Ingvild. Dei hadde ei førestilling for oss som besto av musikk, bilete og folkesongar frå Noreg, Sverige og Malawi. Det var song og det blei spelte med ulike instrument som tromme og klokkespel. Etter førestillinga fekk barna prøve instrumentene og sjå nærare på bileta. 


Perling på avdelinga

Fredag hadde vi ei lita samling med dyrene i Afrika. Inne på rommet på avdelinga sto det ein koffert å lyste opp midt i rommet, lyset var dempa. Barna fekk trekke dyr og vi song om dei ulike dyra. Det var nokre kjende songar og nokre nye som vi må øve oss meir på. 



Fredag fekk vi servert hamburger til lunsj.

Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar