fredag 6. mars 2015

Veke 10

God fredag! 

Håper alle saman har hatt ei strålande veke. No nærmar det seg helg, men først ei lita oppsummering over veka som har gått.


Vi har endeleg starta med grupper igjen! 
Tysdag var halvparten av barnegruppa på tur med Lise og Sølvi på Kyrkjevegen, mens andre halvparten var igjen i barnehagen å leika. På turen møtte vi Soria Moria, så vi leika litt saman med dei i skogen. Det ulente terrenget gjorde det utfordrane for balansen, men til god trening for grovmotorikken. Det blei litt knall og fall!



Tur på Kyrkjevegen


Torsdag delte vi oss i grupper igjen. Dei som ikkje hadde fått vere med på tur fekk seg ein tur ut i regnvèret saman med Marianne og Lena. Det blei ein spasertur mot Kyrkjevegen, rundt rundkjøringen og tilbake til barnehagen. Regnet pistra mot dei små anleta og dei var kalde på henda. Så det var godt å kome inn igjen i barnehagen. Barnegruppa leika litt på avelinga til Flåklypa før det var tid for lunsj. 


Vi har også hatt tid til innleik på avdelinga, med frileik, teikning, pusling og lesing av bok. Onsdag og fredag har det vore sol og opplett, så vi har vore ute i et fine vårvèret, vi har dissa, seilt i seilebana, gravd i sandkassen, leika i sølepyttane og sykla. 

Fint vårvèr i barnehagen!


Fredag åt vi fiskekaker i pita med salat. 



Ynskjer alle ei fin helg!



Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar