fredag 21. april 2017

Veke 16


Hallo fredag!!

Det har vore ei litt kortare veke sida 2. påskedag var mandag. 
Håpar alle har hatt ein fin påskeferie og at påskepynten har fått pynta fint opp. 

Denne veka har vi hatt om kjensler på Tyrihans. 
Vi har studert andlete som visar ulike kjensler og forsøkt å herme etter bileta. 

På veggen er det komt opp bilete av barna med ulike uttrykk i andlete, barna er svært opptatt av bileta. Kom gjerne inn og kikk på bileta. 




Vi fordjuper oss meir i teikn. På borda er det komt bilete av ulike dyr og teikna vi brukar på dei. 
Barna syns det er kjekt med teikn og bileta og teikna blir fort ein samtale rundt bordet under måltida. Bileta blir også brukt når vi skal synge, der barna er med og bestemmer kva dyr vi skal synge om. 


God helg til små og store. 
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar