fredag 12. mai 2017

Veke 19

Hei og fin fredag. 
Det er nokre veker sia sist, så her er ein liten oppdatering av tida som har gått. 

I forminding med natur, miljø og teknikk har vi hatt litt formingsaktiviteter. 
Vi har brukt opp igjen mjølkekartongar som vi har klipt og malt. Desse skal etterkvart få huse tomatfrø som vi skal følgje med på når det spirer. Kanskje får vi smake litt på nokre sjølvdyrka tomater etterkvart?



Vi hadde ein fin ryddedag, der vi var ute og plukka litt boss. 
Etter bossplukkinga fekk vi både grilla pølser og is. 




Vi har hatt avslutning på dinogruppene. På siste samlinga fekk alle eit diplom for perioden.
Det var stolte barn som studerte "plompen" sin etterpå. 


No nærmar det seg 17 mai, vi er begynt på litt forberedingar til Noreg sin bursdag, med sanger og formingsaktiviteter. Vi gler oss til maifest neste veke!





Vi ynskjer alle ei strålande fin helg!

Store smil frå oss på Tyrihans











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar