torsdag 6. april 2017

Veke 14


Hallo Fredag!! 

Så var helga brått her igjen og for nokre er det også påskeferie. 

Vi har hatt ei kjekk veke, med masse leik, samling og formingsaktiviteter. 

     To venner har lesestund ved sofaen. Barna er veldig glad i å sjå i bøker og set seg gjerne ned for å bla i bøkene vi har på hylla. Kjekt å sitte ved sia av kvarandre og sjå i bøkene. 

    Bursdagssamling med bursdagskista - vanskelig å velge blant alt oppi der. 
Vi har hatt tiårsfeiring denne veka. Da sang vi bursdagssang, hadde fyrverkeri, krone og bursdagskiste. I kista er det mange ting å velge mellom og ofte er det svært vanskeleg å bestemme seg for kva ein vil ha. 



 Barna har laget bordbrikker til den gule lunsjen
Alle barna har malt kvart sitt egg og kylling (handavtrykk). Brikkene har vi pynta lunsjbordet med.

       Årets påskepynt 


    Magisk samlingsstund med historia om korleis snøen fekk farge. 
Barna satt spent og fulgte med på historia og såg på korleis snøen for frå blomst til blomst til og spurde om å få litt farge. 


God helg til alle saman og god påske til de som tar påskeferie. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar