fredag 4. november 2016

Veke 44

God fredag alle sammen!
Da var november her - og det som følger med; regn, kulde, vind og ørlite sol. 

Mandag og onsdag var det dinogrupper. Denne veka har vi hatt eventyr i fokus på lillevinge, og barna har fått høyre dei tre bukkene bruse. Det var både spennande og litt skummelt. Det er blitt snakke mykje om kor trollet bur i etterkant! 

Tysdag byrja ein ny gut hos oss. Alf Tore er snart 11 månadar, og har nett starta si barnehagekarriere. 
Barna syns det er spennande med ein ny venn på avdelinga! 
No er barnegruppa fulltallig, og det er veldig kjekt! 

Torsdag fekk nokre av barna gå tur med ilag med Dovregubben.
Da var dei ein tur i trollskogen, like ved barnehagen. Troll er veldig spennande! 
Vi andre var inne i barnehagen og blei betre kjend med Alf Tore. 

I dag har vi vore inne og leika saman - perla og pusla har vi også gjort. 
Før lunsj hadde vi samling med bondegården. Barna bygde opp garden og fekk bestemme kvar på garden dyra skulle bu.



No ser vi fram mot helg, før vi tar fatt på ei ny veke med alle dei herleg småtrolla. 

God helg til store og små. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar