fredag 28. oktober 2016

Veke 43

Hallo fredag!!

Enda ei begivenhetrik veke i barnehagen nærmar seg slutten,
og små og store er klare for å gå inn i helga.
Veka har vore hektisk, med FN - dag, Forutprosjekt og Forutbasar.
Men gjett om den har vore kjekk!!
Vi har opplevd mykje saman, både på avdelinga og ellers på huset...
SAMAN ER VI BEST !

FN - dagen blei markert i dinogruppene.
Resultatet av det heng utanfor avdelingane Tyrihans og Dovregubben.
Det blei kjempefint, det viftar så fint i vinden - fasinerande å sjå på!

Tysdag var vi på fellesrommet, der hadde Agneszkia ein fin dramaforestilling for oss.
Vi fekk sitje på dei små dinostolane å sjå på. Etter forestillinga låg vi under "fallskjermen", medan dei vaksne sang; "her sitter vi og ror" til oss.
Det var både spennande, skummelt og avslappande.  

For det meste har veka dreia seg om Forut, og forutbasaren.
Barna digger "Monkey-sangen", og høyrer på den medan dei hoppar og sprett på avdelinga.
Veggen vår med fjellet gir rom for mange fine samtalar med barna.

"Monkey - sangen"


Basaren blei ein veldig kjekk oppleving!
Dykk er fantastisk flotte foreldre, som stiller opp slik de gjer!
Tusen tusen tusen takk!!

Vi fikk inn 11.143 kr!



På avdelinga har kjøkkenet blitt ganske populært blant barna.
Barna er i utvikling, og nokre av dei er i gang med å begynne med litt rolleleik.
 På leikekjøkkenet lagar dei mat, vaskar opp og puttar inn og ut av microbølgeovnen.
Med litt fat og kopper på bordet blir det ekstra kjekt å leike der borte!






No er fredagen her. Studenten vår Agniezska har sin siste dag for denne praksisperioden,
no skal ho tilbake på skulebenken. Vi seier hadet til ho, og på gjensyn til våren!

Til lunsj har vi hatt litt restar fra basaren, og ferskt brød med godt pålegg.

God helg til alle store og små på Tyrihans



Tyrihansdamene





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar