fredag 25. november 2016

Veke 47





Hallo fine fredag


Ei ny veke går mot slutten, og vi går inn i den første adventshelga.

Forventningar til advent og jul er såvidt begynt å bygge seg opp, med gaver,samlingsstunder, kyrkjebesøk, lucia, nisserier og alt anna som fylgjer med. 


Denne veka har vore ei midtimellomveke, med venskapsveka rett bak oss og juleforberedingar foran oss. Vi har hatt mykje leik på avdelinga, med barns medvirkning og medbestemmelsesrett i fokus.

Barna trivast blant anna svært godt ved leikekjøkkenet, der dei dekkar på, lagar og serverer mat. Dei vaksne må drikke store mengder kaffi - enten dei likar kaffi eller ikke...




Vi har så vidt starta juleforberedingane med å lage peparkaker til kalenderen vår.
Det var veldig kjekt å bake, ikkje minst var det godt å få smake på litt deig.... 




Vi jobber så ofte vi kan med å bli ferdig med det vesle rommet vårt.
Lena er godt gang med ei heilt spesiell lampe som skal få bu der inne.
Gjett om vi gler oss til å ta det i bruk saman med barna!





I dag har hatt ei fin fredagssamling, der vi har sunge mange kjekke sangar.
Det er stas med samling, og barna kjem fort og set seg langs veggen
 når dei skjønnar at det er samling i gjerde.

Til middag fekk vi kjempegod lapskaus i dag, det søv mette mager lenge på.

Ynskjer dykk alle ei superfin helg,
med ein fin første sundag i advent.

Helsing alle oss på Tyrihans



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar