fredag 23. september 2016

Veke 38


Brått er ei ny veke komt til endes,
og det er på tide å oppsummere veka som er gått.

Mandag og onsdag hadde vi premiere på vennegrupper.
Dette er aldersinndelte grupper på tvers av huset,
som vi skal ha kvar mandag og onsdag i dinotida.
Barna på Tyrihans er fordelt på gruppene Lillefot og Lillevinge,
der dei aller minste er på Lillefot, og dei som er året over er på Lillevinge.
Og gruppene var ei stooooor suksess!
Både barn og vaksne hadde det veldig kjekt!
Å få treffe andre barn og vaksne på tvers av huset er svært spennande, for små og store.

Lillefot har tida denne veka gått med på å ha ein liten samling,
før barna har fått leike og bli litt kjend med kvarandre.




Lillevinge har hatt samlingsstund,
og hatt leik med duplo, bilar og leikekjøkkenet.
Viktig å gi barna litt tid til å bli kjend med dei andre barna,
og dei vaksne dei ikkje er med kvar dag.




Vi gler oss allereie til gruppene neste veke!
Og de får høyre mykje meir om dei på
foreldremøtet torsdag 29. september.

Dei andre dagane har gått med til å tilbringe mest mogleg tid ute.
Det er om å gjere å benytte seg av det herlege vèret, og barna stortrivast ute.
På leikeplassen skjer det mykje fint samspel mellom barna, barna leikar saman, delar, hjelper kvarandre og har det veldig kjekt.
Ofte opplever vi at det oppstår færre konfliktar ute enn inne,
da det er eit større område å boltre seg på,
og fordi barna er oppslukt av alt som skjer rundt dei.

Når vi har vore inne på avdelinga, har vi forsøkt å legge til rette for fint samspel mellom barna, med bordaktivitetar som bilteppe med bilar oppe på bordet. Puslespel der barna byttar på puslespela når dei er ferdig med eit, duplo, leik på det lille rommet og leik i kjøkkenkroken.



No er fredagen her, og vi skal ha det kjekt saman også i dag.
Vi nyter mest mogleg av dagen ute, før vi tar helg.


Ønsker dykk alle ei finfin helg.


Helsing dei glade

Tyrihansdamene



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar