fredag 16. september 2016

Veke 37

For ei fantastisk fin veke i barnehagen, med strålande sol og masse utetid.
Barna har det veldig kjekt ute, og ber om å få gå ut så fort frukosten er komen ned i magen.
Herleg!!

Måndag var det planleggingsdag i barnehagen.
Personalet i Leirstaden hadde ein flott, effektiv og kreativ dag, der vi fekk planlagt mykje av haustens aktivitetar og pedagogiske opplegg saman.
Å få ha slike dagar saman der heile personalet får ta del er gull verdt, både for personalet og ikkje minst for hovudpersonane; barna!

Tysdag hang sola høgt på himmelen, og vi gjekk fort ut for å leike.
Det var så godt å vere ute at vi ikkje ville inn for å ete - så lunsj på tysdag blei ferdigsmurte skiver, inntatt på benken ute.
Det var stor stas - og barna følte seg store og stolte som fekk sitte på benken å ete.





 Tysdag kom det ein ny gut til avdelinga. Han er 17 månadar.
Vi gler oss til å bli bedre kjend med han!

Både onsdag, torsdag og fredag har vore prega av uteleik, der vi har vore ute med vennane våre fra Tyrihans, og andre vennar fra dei andre avdelingane.
Onsdag kom det ny sand i sandkassen, det var veldig kjekt!
Denne dagen sat vi i sandkassen nesten heile tida når vi var ute.

No er fredagen komen.
Dagen har vi tilbrakt ute, både med å sykle, leike i sandkassen, disse, leike i båten, vere på seglebana , og stort sett alle andre plassar vi kan vere på uteplassen.
Vi har ete kjempegod lapskaus til lunsj, med flatbrød og smør.
No kvilar vi i vognene våre, slik at vi blir klar til å ta fatt på resten av dagen, og helg.

Vi ønsker alle saman ei strålande helg i den herlege sola.


Helsing Tyrihansdamene


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar