fredag 27. mai 2016

Veke 21

Herlege sol og herlege sommar! 
Gjett om vi kosar oss om dagane! No når sola heng høgt på himmelen, nyt vi kan ute. 
Så fort frukosten er inntatt, er det på med solkrem, joggesko, kanskje ei tynn jakke og ut.

Barna ber om å få gå ut, og å få sykle og disse står høgt på lista over ønska gjeremål. 

 
 
 
Innimellom finn vi fram såpeboblar, gjett om det er gøy å prøve og blåse og fange boblene! 

På uteplassen vår har vi fått pynta litt med blomar og gjengløymde støvlar. 
Alltid kjekt å lage det litt fint til sommaren!
I tillegg har flinke og greie foreldre, vore med på dugnad og gjort litt praktiske ting på uteområdet vårt. Både vaksne og barn syns det er stor stas med litt endringar på uteområdet!

 
Fredag hadde vi brannøving. 
Den var det berre sjefen sjølv og brannvernleiaren som visste om, så da fekk vi verkeleg trent oss. Når alarmen går, må alle barna i barnehagen stille seg langs gjerdet bak seglebana. Det har dei fleste vore med på nokre gonger, så barna klarte seg veldig fint, og håndterte øvinga veldig godt!



Sia vi har brukt mykje tid ute denne veka, er samlingsstundene stort sett blitt tatt ved bordet før lunsj.
Akkurat no øver vi på songane de skal få høyre på sommarfesten. Desse sangane er med teikn, og barna er veldig lærelystne og interessert i teikna som høyrer til.

Til middag på fredag grilla vi hamburger,
med masse godt tilbehør, tomat, agurk, paprika og salat.
Sitat jente 2 år og 10 mnd: "eg elsker elsker elsker elsker sånn hamburger" :)
Så vekas middag falt i smak.

Foreldresamtalar er i gang, dei som ønsker men enda ikkje har satt seg opp,
sjå på døra, eller avtal ei tid med Marianne/Ingrid.


Håpar de alle får ei strålande solfylt helg!


Tyrihans

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar