fredag 2. juni 2017

Veke 22

Hei og fin fredag. 

Da var vi allereie komen til juni - vi er klare for sol, sommar og masse utetid. 
Vi har hatt mykje fint vêr i det siste, så vi har tilbrakt mange timar ute. 

Dei siste vekene har vi hatt mange fridager - håpar de har nytt fridagane i lag. 

I barnehagen fekk vi før langhelger nye syklar til barnehagen. Gjett om det var stor stas! Både for dei som er lange nok i beina til å sykle dei, og for dei som trivast best med å sitte på.  
 


Vi har hatt stor glede av kjøttmeisene som kjem og et frå mjølkekartonguglene våre utforbi vindauge på Tyrihans. Dei siste dagane har også ein ny fuglesort funne ut at der er mat i uglene... det er skjæra. 
Den jobbar hardt for å få tak i maten som er i uglene og det er kjempegøy å sjå på. 
Vi har lært at skjæra er én av dei lurasta fuglane vi har. 




I utetida denne veka har vi planta frø. Vi har gjenbrukt mjølkekartongar, glass og hermetikk. Oppi der har vi lagt solsikkefrø, agurkfrø og tomatfrø. 
Det blir spennande å følge med om dei veks til.




Når vi er ute er det mykje å sjå og gjere. 
Nokre av dei store barna hadde samla nokre maur i ei bøtte. Det var spennande å studere dei litt før vi slapp dei fri i naturen igjen. 



Torsdag var fotografen på plass. Å skulle ta bilete av småtroll går ikkje alltid knirkefritt, men vi håpar at dei fleste bileta blir bra. 

No ventar ei ny langhelg - kanskje ikkje så solfylt som dem forrige, men vi håpar de alle allikavel får ei herleg helg i lag. 

Store smil frå oss på Tyrihans 








 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar