fredag 10. februar 2017

Veke 6

Hallo flotte fredag!

Så var helga her igjen .
Det har vore ei herleg veke, med sol og kulde.
Herleg å vere ute utan å bli våt, men å heller kunne bevege seg rundt i behageleg dress.
Litt kaldt har det vore, så vi har måtta kle godt på oss når vi har vore ute.

Mandag 6 februar var det samane sin dag.
Det markerte vi i barnehagen ilag med Dovregubben.
Der fekk vi kome inn og teikne samane sitt flagg - nokre syns det var kjekt å få teikne,
medan andre var ikkje så interessert i det.






Vi fikk og ligge på golvet og sjå ein liten film om samar i taket.
Det var veldig kjekt!
Ikkje minst var det kjekt å få vere litt med barna på Dovregubben!



Etterpå fekk vi kome inn til samejenta, 
ho fortalde oss eit lite samisk eventyr og viste oss nokre ting som samane brukar.



Fredag avsluttar vi årets sameeventyr med å ha lapskaus med reinsdyrkjøt til lunsj.



Vi fortsetter  med Hakkebakkeskogen - prosjektet vårt.
Denne vekar har barna malt sine egne kostymer/t - skjorter, med farger utifrå kva dyr dei har valgt å vere når vi skal ha temafest.
Dei blei veldig fine, så vi gler oss til å ta dei på neste fredag når temafesten skal vere.


Fredag formiddag har vi hatt brannøving.
Da måtte vi øve oss på å stille ved gjerde når alarmen gjekk.
Litt spanande!

Etter brannøvinga gjekk vi ein tur til amfiet.
Kjekt å klatre opp og ned amfiet og trene grovmotorikken litt.
Inne i varmen hadde ei lita samling med eventyret om bukkene bruse
og litt gymleik før vi sat for å ete lunsj.


Vi ynskjer dykk alle ei riktig fin helg!


Helsing store og små på Tyrihans




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar