Så var det tid for helg igjen. Vekene rasar avgårde!
Denne veka har vi fordjupa oss i natur, miljø og teknikk, vi har hatt litt gjenbruk da vi har begynt på prosjekt fuglematar. Barna har malt på mjølkekartongar som skal bli fine fuglematara til å ha utanfor avdelinga. Vi gler oss til å gjere dei ferdig!
Barna har sjølv fått velge kva farge dei ville bruke når dei skulle male og kor lite/mykje dei ville ha på. Nokre kjem fort til bordet og kan knapt vente, medan andre må overtalast litt for å ville male - men dei vil oftast ikkje ned igjen når dei fyst er begynt.
Det vesle rommet er opna og barna stortrivast der inne.
Kjekt å verre inne i teltet! Nokre likar å legge seg ned og sjå lyset som kjem inn, medan andre syns det et kjekt å prøve å velte det. Med sjørøverflagget på toppen er det ekstra kjekt å få høyre kaptein Sabeltann medan ein leikar.
Parkeringshuset er kjekt for både jenter ogguter. Kjekt å sjå bilane ake nedover den bratte utkjøringsbana.
Obs! Neste fredag er det planleggingsdag - da er vi stengt.
Helsing oss på Tyrihans
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar