fredag 21. oktober 2016

Veke 42

Hallo Fredag!!
 
Det har vore ei begiventhetsrik veke på Tyrihans!
Vi har fordjupa oss i Nepal, og Forutprosjektet.
På veggen på avdelinga har vi laga litt av fjella i Nepal, og huset der barna vi har blitt betre kjend med gjennom prosjektet bur.
Barna har malt dyra som bur i Nepal, og dei er også komen opp på veggen. Når dei har malt, har dei fått prøve ulike metodar å male på; med pensel, svamp og oppvaskekost.
Veldig kjekt!
Kom gjerne inn og sjå!
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Torsdag var vi på tur.
Studenten vår, Agneszkia, har oppgave å lage tur med barna.
Så på turen denne gangen hadde vi ulike poster, med å trille ball, hoppe, gå rundt, balansere, gjenkjenne dyr og dyrelyder og leite etter steiner og blad.
 
Barna syns det var veldig kjekt med dei ulike postane,
og fulgte spent med medan dei venta på sin tur.
Vel tilbake i barnehagen, åt vi fiskekaker og grønt i pitabrød. NAM!
 
 
 
 
No er fredagen komen.
I dag har barna fått vere med studenten i grupper inn på det vesle rommet, 
for å bli betre kjend med rytmeinstrumenter.
Vi har kost oss med steikt ris og skinke til lunsj, og er klare for å innta helg,
med herleg haustvær
 
 
 
God helg til alle flotte foreldre og barn på Tyrihans.
 
 
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar