fredag 7. oktober 2016

Veke 40


Det er fredag og helg.
Sola skin inn vindauga, og vi har hatt ei fantastisk veke med sol.
FANTASTISK!

Vi har hatt ei begivenhetsrik veke på Tyrihans, med masse opplevingar.
Å vere saman er veldig kjekt, barna trivast ilag, og mange gode venskap er knytta.
Barna spør etter kvarandre, og blir svært glad når dei som høyrer til gruppa kjem i barnehagen!

Mandag fekk vi student fra barnehagelærarutdanninga til Tyrihans.
Ho heiter Agnieszka, og skal vere her i 4 veker før jul. og 3 veker etter jul.
Det er kjekt med studenter! Dei har ofte mange oppgaver, som gir oss mange nye erfaringar og opplevingar. Vi er spent på kva vi har i vente, både med
fysikk, bevegelse, drama, leik og forming.

Mandag helste Dina - dinosaur på oss igjen.
Ho stod utanfor vindauget og vinka med dinobarna sine lekser.
Litt skummelt, og litt spennande å sjå på ho og vinke.
Nokon av barna synast det er tryggast at ho held seg på utsida av vindauget.....


Vi har starta på Forut - prosjektet vårt.
Barna har fått sjå film frå ein skule og barneheim i Nepal.
Vi har også hørt mykje på musikken frå Forut.
Om de har lyst å høyre på musikken ilag med barna,
kan de søke på Gaute Ormåsen på spotify,
eller søke forutprosjekt 2016 på You - Tube.
Det er veldig kjekk og fengande musikk, som barna med glede dansar til!
I tilegg har vi Monki, som er vår venneape som kjem til avdelinga under Forut - prosjektet.
Han skal få vere ilag med alle heim iløpet av prosjektet.
Om de ser kofferten med Monkibarnets plass, er det kjekt om de tar han med heim på besøk, og skriv litt i boka om korleis besøket har vore.
Han likar veldig godt å reise på besøk til barna, for å sjå korleis barna i Noreg har det.



Tysdag har vi prosjekt - dag.
Denne dagen brukte vi på å lage litt pynt til badet vårt.
Barna har krølla saman silkepapir i ulike fargar, desse samankrølla "ballane" har dei fått lime på fiskar i papp. Slik får barna ta i bruke finmotorikken sin, på same tid som dei får trene på fargar, antall og former. Ikkje minst er dei veldig fine, og kjem til å pynte opp badet vårt så det blir meir spennande å vere der, både for å bytte bleie og trene på å gå på do.

Både måndag og onsdag har i vore på grupper på Lille - Fot og Lille - Vinge.
Meir informasjon om gruppene vil de få på eit eige skriv.

Torsdag var vi på tur.
Herleg vèr å få gå tur i.
På turen gjekk vi bortover turstien til Hjelteryggen.
Mange av barna er svært flinke å gå tur, og kjem seg lett og fort framover.
Vi stoppar ofte ved ein liten dam -  der er det lov å prøve å kaste stein ute, så kan vi sjå på at det plaskar. Veldig spennande!
Kanskje bur det froskar nedi der? Og kva èt froskane?
Her er rom for masse undring og filosofering.






I dag har 3 av barna vore på biblioteket på sanseteater, i lag med Helene, Sølvi.
4 barn og 2 vaksne fra Dovregubben var også med.
Kjekt å gjere litt ting i lag med andre frå ein anna avdeling.

Sanseteateret var veldig kjekt, med masse fine lys og lydar, barna fikk absolutt tatt i bruk sansane sine!
Biblioteket på Sartor er veldig flinke å lage til samlingsstundar!






No har vi ete herleg Linsesuppe med ris,
slik vi ser barna fra Nepal et på filmane fra Forut, og de fekk smake på foreldremøtet.
Spennande å smake på mat frå andre land!

No søv vi litt, før vi et frukt og går ut i sola og nyt siste timane i barnehagen før helg.

God helg til store og små


Tyrihans







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar