God fredag!
Måndagen starta med nydeleg vårvèr, du såg på barna at det var meir behagleg, ikkje minst enklare å bevege seg rundt i jakke og sko. Vi tilbringte store deler av dagen ute og naut det nydelege vèret. Resten av veka har det stort sett vore opplett og vi har vore ein del ute.
Tysdag var vi tilbake med gruppedagen, halve gruppa var ute, mens den andre halvparten var inne på avdeling å måla. På
torsdag rullerte vi, halve gruppa var igjen å måla, mens den andre halvparten var på tur til gapahuken.
Det er stor stas når døra går opp og lyset blir slått på inne det vesle rommet vi har på avdelinga. Der er det nemleg ei sklie som er Tyrihans si. Den er kjempekjekk å skli i. I taket er det blått tyll med små lyslenker som lager passe spanande stemning, og på veggane er det bilete av ulike typar fiskar og ein krabbe.
Fredag serverte Eva-Birthe kjøttkaker i brunsaus med poteter og grønnsaker, kjempedeilig!
Ynskjer alle ei fin helg!
Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar