Hei og god fredag!
Da er vi i gang igjen etter vel overstått påskeferie. Håper alle har hatt ein fin ferie. Vi starta roleg med ei noko kortare veke. Allereie tysdag starta Siandra hos oss og vi gleder oss til å bli betre kjende med ho.
Onsdag fann Marianne fram bondegården. Vi satte oss i ring på golvet inne på avdelinga. Barna fekk trekke kvar sitt dyr etter tur, som vi song om. Vi song songar som Kua mi, Med krøllet hale, Ri, ri på islandshest, Hva sier den kua som går i enga, Bæ bæ lille lam, En liten hvit and og Lille pusekatt.
På fredag var to av dei eldste barna, Elida og Sofie på samlingsstund på Biblioteket saman med Lise. Vi var saman med Anette og to barn frå Dovregubben. På samlingsstunda fekk vi vere med på ein tur gjennom eit fiktivt hus med mange fiktive dører. Bak kvar dør vi opna var det noko nytt, alt frå ein pusekatt, til kaniner, til ein mann som vatna blomar. Gjennom samlinga fekk vi brukt nokre av sansane våre, blant anna så fekk vi smake, lytte, sjå og kjenne.
Samlingsstund på biblioteket |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar