fredag 30. januar 2015

Veke 5

Hei alle saman!

Vi er ved vegs ende av januar.

Måndagen starta vi med å dele gruppa i to, nokre gjekk ut og nokon var igjen inne. Mykje vind og dårleg vêr hadde sutte sitt preg på vindauga, så det var på tide med ein vindaugsvask. Dette var spanande for barna både inne og ute.


Her ser vi på når Marianne vasker vindauga

Vi forset med "Magiske samlingar". Denne veka hadde Marianne ei fin samling med bondegården. Her fekk vi sjå kven som bur på bondegården og vi song songar om dei ulike dyra.

Samling med bondegården

Torsdag besøkte dei tre største barna Soria Moria, det nærar seg overgang til stor avdeling. Vi prøver å få til litt besøk framover slik at overgangen frå liten til stor avdeling ikkje blir så stor. Resten av barna som var igjen på avdelinga måla fine vinterbilete. 

Vi måler vinterbilete

Vekas middag fredagen var fiskegrateng.


Vi ynskjer alle ei god helg!

Marianne, Lena, Sølvi og Lise



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar