fredag 23. januar 2015

Veke 4



Eit nytt år er starta og enda ei veke er over. 
Det har vore ei kald, men fin veke med minusgrader og sol. Vi har vore ein del ute og det er ekstra godt å kome inn igjen til lunsj når vi er litt kalde og sultne. I tillegg til det fine været ute har det også blitt ein del inneleik på avdelinga.





Denne veka har Lise byrja som barnehagelærar hos oss på Tyrihans. Ho gleder seg til å bli betre kjende med store og små. Nokre kjenner ho kanskje frå Soria Moria.

Forrige veke hadde Axel med seg nokre leiker som han ville gi til oss, til stor stas for barna på Tyrihans. 


 Det vil bli ei spanande tid framover for barn som skal over på stor avdeling og nye barn som skal starte hos oss. Så vi vil bruke ein del tid på innkjøring og la dei nye barna bli kjene med rutiner, barn, vaksne og sjølve kvardagen i barnehagen.
Vi ser fram til eit innhaldsrikt barnehagehalvår!

Marianne, Sølvi, Lena & Lise

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar