Hei alle saman!
Det blei ei litt kortare veke denne veka, sia fredagen kom som ein planleggingsdag.
Håpar de nyt den ekstra fridagen ilag!
Det har vore ei fin og kald veke, der barna har fått kalde og friske kinn når dei har vore ute i den kalde lufta.
Tysdag var dei fleste barna på Tyrihans ute på leikeplassen, dei sykla, dissa og klatra i klatrestativet. No som det er litt kaldt er det ikkje så lett å grave i sandkassen - men nokre av barna prøvar seg på det for å sjå om dei får laus litt sand.
Tysdag hadde vi og bursdagsfeiring på Tyrihans, da ei lita solstråle blei 2 år!
Vi hadde bursdagssamling med krone, bursdagskiste, fyrverkeri og song.
Torsdag var det turdag - da gjekk vi på tur bortover Kyrkjevegen.
Vi var innom trolleskogen og ropte etter trollet (troll er veldig spennande for tida), men dei holdt seg heldigvis godt gjømt inne i skogen.
Ved maten diskuterte vi det litt, og var enige om at trollet nok sov om dagen, og heller var ute og luska litt om nettene når vi søv.
På turen plukka vi kongler som vi har tatt med oss heim igjen til barnehagen.
Det er jammen mykje fint å sjå og studere i naturen!
Men kalde kongler og rim i graset er naturen eit eige kunstverk i seg sjølv.....
Kjekt å sjå endringane i naturen gjennom barneauger!
Venner på tur
Kjekt å stille opp og studere!
Kjekt å klatre og utfolde seg!
God helg til alle store og små på Tyrihans!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar