tirsdag 26. april 2016

Veke 16



Da var ei ny veke over på Tyrihans, og vi nærmar oss mai.
Den siste veka har vi hatt mykje fint ver, og har difor nytt mykje av tida ute,
både på formiddag og ettermiddag.

Inne på avdelinga har vi leika mykje med modellkitt.
Barna ber om at vi skal finne det fram, og mange av dei små sit lenge med det,
før dei blir lei og vil ned.

 



Her får dei jobba godt med den finmotoriske utviklinga og fantasien sin, både med at dei kjevlar, skjer, rullar ++ og med at dei ser ting av det dei  lagar.

Den eine formiddagen inne på Tyrihans skein sola i dammen,
og lagde glinsande mønster i taket inne på avdelinga.
Dette blei eit stort samtaleemne,
og barna var veldig oppslukt av spelet som foregjekk i taket.


Ute har vi arbeida litt med å få spylt plassen.
Vatn er stor stas for dei små, dei er svært oppslukt og står lenge og studerar vaskinga og spylinga som foregår. Med regnkle på går det og an å leike i vatnet og bli spylt litt på - det er veldig morosamt!




God helg til alle våre små og foreldre.

Helsing oss på Tyrihans

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar