fredag 12. juni 2015

Veke 24

Så var enda ei barnehageveke komt til endes, og vi nærmar oss ferietid for både born og vaksne. 

Veka fekk ein travel start medklargjering til årets sommarfest, med magisk samling som tema. Både born og vaksne var spente når timen endeleg var slagen, og vi venta spent på  foreldre, søsken og besteforeldre. 

På vegen fra parkeringsplassen venta både forskarar og hekser for å ønske alle velkomen. 
I barnehagen var det klart for ein magisk reise med samlingingsstunder med både froskar, matrosar, trommer, eventyr, film og natursti. 



Etterpå alt dette var det ein liten tale fra representanter fra samarbeidsutvalget, og høgtideleg roseseremoni for dei flotte førskuleborna i Leirstaden. 
Så var vi veldig klare for mat - lapskaus smakte veldig godt i sultne mager. 
Håper alle hadde ei fin oppleving på sommarfesten - det hadde i allefall vi! 


Resten av veka har gått med til leik, både ute og inne.Formiddagane nyter vi å vere på uteplassen, der både sandkassa og syklane er ekstra stas - spesielt når du får noken andre til å sykle deg rundt på plassen. 




Solsikkene veks og kjem snart ut av mjølkekartongane - kjekt å følge med på at dei blir større for kvar dag. 
Snart skal dei få vere med heim og vokse vidare heime. 



Takk for ei fin veke og god helg 😀

Helsing Tyrihansdamene




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar