Nok ei veke er over!
Denne veka har ei ny jente begynt hos oss på Tyrihans, ho heiter Lilly. Vi har brukt denne veka til å verte kjende og skape trygge omgivnadar for ho.
Onsdag hadde Sølvi sutte fram noko måling som dei skulle bruke på Dinoskulen. Barna på Tyrihans trudde dei skulle få måle og var ivrige på å setje seg opp til bordet. Så istadenfor å skuffe barna, fann vi fram måling og ein rull med ark.Vi måla litt med pensel og litt med hendene. Barna fekk medverke i sin eigen kvardag.
Nokre av barna måla med hendene |
Nokre av barna smakte på målinga |
Høgdepunktet denne veka var årets karneval. Barnehagen var fylt med blant anna prinsesser, sjørøvere, superheltar, klovnar, smurfer og forskjellige dyr.
Ei stund etter frukost kom Dovregubben inn på avdelinga vår. Det var karnevalsmusikk, dans, pinjata, såpebobler og vi laga kvar vår karnevalsmaske. Vi avslutta festen med hotdogs og saft!
Pinjataen vår |
Her har vi fått hull på pinjataen |
Ynskjer alle ei fin helg!
Helsing Marianne, Lena, Sølvi og Lise
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar